COOP Jærcup Friidrett 2016

Her følger innbydelsen til COOP Jærcup 2016.

Tirsdag 3. mai – Sandnes IL
Torsdag 26. mai – Gjesdal IL
Mandag 6.juni – Bryne FIK
Tirsdag 23.august – Lye IL
Tirsdag 6.september – Havørn IL / Sola Friidrett
Torsdag 15.september – Sandnes IL / Frøyland IL

Reglar for COOP-Jærcup 2016

Klassar:

7 – 9 år blir notert namn og får utdelt ark dei tek med seg til dei ulike øvingane som klubben finn sjølv å nytta. Der blir resultat påført. Utøvarane kan ta med seg arket heim. Deltakarlista må leverast til resultat ansvarleg. Alle som har deltatt på minst 3 stemne får medalje.

10 – 14 år og 15 – 18 år: Maks 2 øvingar pr. stemne.

Deltakarane konkurrerer i tre øvingsgrupper: løp, hopp og kast. Utøvarar som har 6 resultat får medalje. Utøvarane må ha oppnådd minst eitt teljande resultat i kvar øvingsgruppe for å få medalje.

Open klasse: Junior, senior og veteranar konkurrerer i samanslåtte klassar. Maks 2 øvingar pr. stemne.

Premiering elles:

Alle som har deltatt på 2 stemne og ikkje får medalje, får deltakarpremie.

COOP-Jærcupvinnar blir ein gut og ei jente som har klart gullmedalje og får høgast poengsum i trekamp i følgande klassar:

11 år
12 år
13 år
14 år
15 – 18 år

Jærmeister i friidrett blir den guten og den jenta av gullmedaljevinnarane mellom 11 og 18 år som får høgast poengsum i trekamp. Poeng blir rekna ut etter AW-tabellen.COOP-JÆRCUP 2016